ulvikfrukt&cideri
Logo
OM OSS
Logo shape

OM OSS

Ulvik Frukt & Cideri er eit familiedrive føretak på garden Hakastad i Ulvik. Me har lang tradisjon for fruktdyrking, og har dei siste åra utvida med produksjon av eplemost og sider.

Me legg vekt på kvalitet i alle ledd, frå dyrking av epla til ferdig produkt. Alle produkta våre er laga av handplukka eple frå eigen hage, utan tilsetjingsstoff.

Vår filosofi er å ta vare på dei gamle metodane, samtidig som me utviklar oss for å gje deg den beste smaksopplevinga.

Garden Hakastad

MENNESKA

Person 1

Asbjørn Børsheim

Eigar og produsent

Person 2

Kari Børsheim

Medeigar og produsent

Person 3

Ole Børsheim

Fruktdyrkar

HISTORIA

Garden Hakastad har vore i familien sidan 1800-talet. Fruktdyrking har alltid vore ein viktig del av drifta, og me har lang erfaring med dyrking av eple, pærer, plommer og morellar.

I 2015 starta me med produksjon av eplemost, og i 2018 utvida me med siderproduksjon. Me har gradvis bygd opp kompetanse og utstyr for å kunne levere produkt av høg kvalitet.